Sverre er skuffa over at mor ikkje hadde med seg noko godt får butikken. Erteposen får unngjelde for det.
Far hjelper med å plukke opp att ertene og finn på at dei skal leggje ei ert i vatn. Då vil erta spire, seier far. Sverre ventar spent på at den vesle spira skal kome ut av erta.
Sverre og foreldra hans bur i ei lita bygd Nordnorge. Det er mange gamle og få ungar som bur her elles, for her er ikkje arbeid å få for dei vaksne. Men far og mor og Sverre går rundt til folk med posten, og då står folk og ventar på å få seg ein prat. Asbjørg byr på vaffelkaker, og ein dag fortel ho at barnebarnet hennar snart kjem på besøk. Sverre får endå meir å vente på..
Dette er Ingeborg Eliassen sin debut som barnebokforfattar.. Boka er illustrert i svart-kvitt med blyant av Bård E Valberg
og gitt ut av Samlaget 1979